Språket fon
Utsjånad
| Fon | ||
| Klassifisering | Atlantisk Voltakongo Kwa Gbe | |
| Bruk | ||
| Tala i | ||
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2 | fon | |
| ISO 639-3 | fon | |
Fon (fon fon gbè, uttalt [fɔ̃̄ɡ͡bè][fɔ̃̄ɡ͡bè]) er eit gbe-språk i kwa-gruppa av voltakongo-språk i niger-kongofamilien. Fon blir snakka av 1 435 000 av fonfolket, av dei bur 1,4 millionar i Benin og resten i Togo. Til liks med andre gbe-språk er fon eit isolerande SVO-språk.

Fonologi
[endre | endre wikiteksten]
Fon har fjorten vokalfonem, fordelt på sju orale og sju nasale vokalar.
| Fremre | Midtre | Bakre | |
|---|---|---|---|
| Trong | i ĩ | u ũ | |
| Halvtrong | e ẽ | o õ | |
| Halvopen | ɛ ɛ̃ | ɔ ɔ̃ | |
| Open | a ã |
Sjølv om /ẽ/ og /õ/ er eigne fonem blir dei alltid realiserte som [ɛ̃] og og [ɔ̃].
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Claire Lefebvre og Anne-Marie Brousseau (2002). A Grammar of Fongbe. Walter de Gruyter. s. 15–29. ISBN 3110173603.
- Denne artikkelen bygger på «Fon (språk)» frå Wikipedia på bokmål, den 31. desember 2022.