Språkmøtet i Stockholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Språkmøtet i Stockholm i 1869 la grunnlaget for eit språkleg samarbeid mellom dei nordiske landa. Bakgrunnen var dei skandinavistiske straumdraga i tida som gav grorbotn for tanken om ei tilnærming mellom dei skandinaviske skriftspråka. Møtet var ikkje offisielt, men det kom med visse tilråingar til offisiell rettskriving.

Blant initiativtakarane til språkmøtet var Bjørnstjerne Bjørnson. Norske forfattarar var redde for ei språkleg utvikling som kunne avgrense lesarkrinsen deira. Frå norsk side deltok Knud Knudsen og Henrik Ibsen på møtet.

Blant dei viktigaste framlegga når det gjaldt dansk og dermed norsk språk, var framlegg om bruk av små forbokstavar i substantiva, berre 'k' for 'kj'-lyden framfor e, æ, ø, bruk av 'å' i staden for 'aa', og diftongane skrivne 'ej, øj'.

Ibsen og Bjørnson gjennomførte straks dei tilrådde endringane. Møtet fekk slik mykje å seie for utviklinga av rettskrivinga i dei nordiske landa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]