Einar Lundby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Einar Lundby (31. mai 18945. juni 1978) var ein norsk lækjar, forkynnar og forfattar frå Furnes i Hedmark.

Lundby var son til ein gardbrukar. Sjølv studerte han medisin ved universitetet i hovudstaden, cand.med. i 1920. Åra 1921-23 praktiserte han lækjaryrket i Bardufoss, sidan arbeidde han i Brumunddal frå 1925 til –39. Lundby studerte 1929/30 psykolanalyse i Berlin. I 1949 grunnla han den kristne kvileheimen og nervesanatoriet Solborg på Jevnaker, der han sidan var lækjar og leiar til høg alder.

Lundby var ein ein aktiv og høgt skatta forkynnar og sjelesyrgjar. Han skreiv fleire bøker, mellom anna Porten til livet (1946), Veien til målet (1948), Alt er ditt (1949) og På 70 000 favner (1956).

Lundby levde ugift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]