Sputnik 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Modell av Sputnik 2

Sputnik 2 var ein sovjetisk biologisk satellitt. Han vart skoten opp 3. november 1957 og hadde med seg Laika, det fyrste vesenet i bane kring jorda. Han var òg det andre romfartøyet til å verta skote opp i jordbane.

Om bord på satellitten var det to spektrofotometer for å måla røntgenstråling og ultrafiolett stråling frå sola.

Laika levde truleg høgst eit par dagar i bane grunna skadar på isolasjonen og eit klimasystem som ikkje fungerte. Sputnik 2 fall ned frå jordbane 14. april 1958 etter 162 dagar i bane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]