Srebarna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Innsjøen Srebarna

Srebarna naturreservat (Природен резерват Сребърна, Priroden rezervat Srebarna) er eit naturreservat nordaust i Bulgaria (sørlege Dobrudja), nær landsbyen med same namn, 18 km vest for Silistra og 2 km sør for Donau. Srebarna inneheld innsjøen med same namn og områda rundt, og ligg på Via Pontica, trekkfuglruta mellom Europa og Afrika.

Reservatet dekkjer 6 km² med verna område og ei buffersone på 5,4 km². Innsjøen er mellom 1 til 3 meter djup. Ein har oppretta eit museum her, med utstoppa dyr som er typisk for reservatet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Srebarna har vore studert i lange tider av utanlandske biologar, men den første bulgarske forskaren som viste interesse for området var Aleksi Petrov, som vitja reservatet i 1911. I 1913 vart heile Søndre Dobrudja ein del av Romania, men vart ein del av Bulgaria igjen i 1940. Området vart då igjen vitja av av Petrov.

Området vart erklært eit naturreservat i 1948 og har vore ein Ramsar-stad sidan 1975. Reservatet vart ein del av UNESCO si verdsarvliste i 1983.

Legender[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire legender om korleis namnet på innsjøen vart til. Den eine er om ein khan kalla Srebrist, som døydde i området medan han kjempa ein ujamn kamp mot petsjenegarar. Ei anna soge fortel om ein båt full av sølv (srebrobulgarsk) langs breidda av innsjøen. I følgje ei tredje soge så kjem namnet av den sølvaktige refleksjonen av lyset frå fullmånen i vatnet, noko som er den mest sannsynlege forklaringa.

Flora[endre | endre wikiteksten]

Det finst vassplanter, som siv i og rundt innsjøen. Reservatet inneheld 67 planteartar, og nokre av dei er utryddingstrua utanfor Srebarna.

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Området har ein mangfaldig fauna. 39 pattedyr, 21 reptilar og padder og 10 fiskeartar lever i reservatet, i tillegg til 179 fugleartar, som reservatet er mest kjend for. Nokre av desse fugleartane er krøllpelikan, knoppsvane, grågås, and, sivhauk, blåhals, kjøttmeis, fiskehegre og skarv.

Anna[endre | endre wikiteksten]

SrebarnabreenLivingston Island i dei antarktiske Sør-Shetlandsøyane er kalla opp etter sjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]