Ramsar-konvensjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Åkersvika, ei vik i Mjøsa i Hamar i Hedmark, vart det fyrste ramsarområdet i Noreg i 1975, og det trettande internasjonalt.

Ramsarkonvensjonen er ein internasjonal konvensjon (internasjonal bindande avtale) om berekraftig bruk av våtmarker som det er av internasjonal interesse å take vare på, særleg slike som er habitat for fuglar. Føremålet med slikt vern er å avgrense tapet av vikige våtmarker og bremse det aukande presset på slike område. Ramsarstader er våtmarksområde som vert tekne vare på i medhald av konvensjonen.

Konvensjonen vart vedteken på eit møte mellom 18 nasjonar i Ramsar i Iran 2. februar 1971, og trødde i kraft 21. desember 1975. Landa som er med møter kvarandre ved ein deltakarkonferanse kvart tredje år. Det er skipa eit fast sekretariat med sete i Gland i Sveits.