Sri-yantra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diagram av Sri-yantra.

Sri-yantra eller sri-tsjakra er eit symbol i hinduismen. Det er det best kjende heilage diagrammet som ein meiner inneheld særskild kraft innan hinduismen, særleg innan tantrismen. Det er typisk sett smaan av ni trekantar, som regel fem som peiker nedover («kvinnelege») og fire som peiker oppover («mannlege»), men ordninga kan også vera motsett. Den kvinnelege delen representerer Sjakti og den mannlege delen Sjiva.[1]

Sri er sanskrit for 'heilag'. Yantra viser til eit geometrisk mønster som representerer kosmos.[2] Tsjakra (chakra) kan vera eit synonym til dette.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Sri-vidya, eit mantra som svarer til Sri-yantra

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bowker, J. (2000), «Śrī Yantra», The Concise Oxford Dictionary of World Religions, Oxford University Press 
  2. Bowker, John (2000), «Yantra», The Concise Oxford Dictionary of World Religions, Oxford University Press 
  3. Johnson, W. (2009)), «cakra», A Dictionary of Hinduism, Oxford University Press