Stångenäs skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lysekil ligg lengst ut på Stångenäset, og vart by først 1903, men har som fiskevær anar allereie frå 1500-talet.

Stångenäs (Stanganes) skipreide var ei skipreide i nordre delen av Båhuslen. Ho femna om halvøya med same namn, eller soknene Bro, Brastad og Lyse, som i dag utgjer fastlandsdelen av Lysekils kommun.

Då heile Båhuslen vart svensk territorium etter freden i Roskilde i 1658 vart skipreidene i landskapet innlemma i den svenske heradsordninga, og Stångenäs skipreide vart omskipa til Stångenäs härad.