Skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nausttomt for vikingeskip, Rygg på Frosta

Skipreide-ordninga vart skipa av Håkon den gode i år 955, eller litt seinare. Andre eldre skrivemåtar er skibrede og skipreite. Dette var ei administrativ inndeling av kysten i samband med leidangen. Danmark hadde ei liknande ordning.

Ei skipreide var sett saman av frie menn (bønder), som skulle byggja, ruste ut, halda ved like og utstyra eit skip med menn for to eller tre månader. Skipreida skulle også halda naust til skipet og var ansvarleg for brenne til ein varde i tilfelle krig. Storleiken på skipet vart vedteken etter talet av årer eller sessar. I byrjinga var kravet 40 årer (20 sessar) og eit mannskap oppimot 100 mann eller fleire. Noreg var delt inn i 270 skipreider og i 1279 under Magnus Lagabøte vart det auka til 279.

Sjefen for ei skipreide vart kalla styrmann og vart oppnemnd av kongen. Mannskapet vart plukka ut etter særlege reglar og i Gulatinglova vart denne verneplikta avgrensa oppover til kvart sjuande hovud, altså 14 % av folket. Den minste eininga var dei bøndene som skulle rusta ut ein roar.

Skipreida skulle mobliserast når fienden var i landet. Det vart da sendt ut allmenning og vardane vart tende. Etterkvart utvikla skipreidetinget seg til eit lokalt finansielt og judisielt sentret, der lov og rett vart hevda og skatt vart betalt inn. I Heimskringla skriv Snorre Sturlason om skipreide: «Kong Håkon sette ei lov for heile landet langs heile kysten og så langt inn i landet som laksen går - han delte det i skipreider.» Testamentet etter Magnus Lagabøte inneheld ei fylkesinndeling av skipreidene. Mange av namna på skipreidene er kjend frå Aslak Bolt si jordebok. Skipreider vart til tinglag omtrent 1660 i store delar av Noreg, men på det meste av Vestlandet skjedde det ikkje før byrjinga av 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Steinar Imsen og Harald Winge: Norsk historisk leksikon. (Kultur og samfunn ca.1500 - ca. 1800) Oslo, Cappelen Akademiske Forlag, 2. utgåve. (1999)