St Helens i Merseyside
| St Helens | |||
| by | |||
Rådhuset, St Mary's Lowe House Catholic Church, The Anderton Shearer Monument, The Ravenhead Colliery Mine Works, og The British Plate Glass Casting Hall, Ravenhead. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Merseyside | ||
| Distrikt | St Helens | ||
| Areal | 136,4 km² | ||
| Folketal | 183 248 (2021)[1] | ||
| Postnummer | WA | ||
| Retningsnummer | 01744 | ||
![]() St Helens i Merseyside 53°27′15″N 2°44′46″W / 53.4541°N 2.7461°W | |||
| Wikimedia Commons: St Helens, Merseyside | |||
St Helens er ein by i Merseyside i England. Han er den største byen og det administrative senteret i distriktet St Helens og har like over 100 000 innbyggjarar. Byen vart ein del av ein kommune i 1868 i lag med Eccleston, Parr, Sutton og Windle og han vart eit distrikt i 1887, som i 1974 var eit bydistrikt.
St Helens ligg heilt sørvest i det historiske grevskapet Lancashire i Norvest-England, 10 km nord for elva Mersey.
Det lokale området utvikla seg raskt under den industrielle revolusjonen på 1700- og 1800-talet og vart eit viktig senter for kolgruvedrift,[2] og glasmaking.[3] Både før og under denne perioden var det òg ein bomulls- og linindustri (hovudsakleg seglmaking)[4] som varte fram til midten av 1800-talet, i tillegg til industriar for salt, kalkstein, koparutvinning og bryggeri.[5] I dag er St Helens ein handelsby og det meste av den gamle industrien har forsvunne.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «St Helens, Merseyside» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ https://www.citypopulation.de/en/uk/merseyside/E08000013__st_helens/.
- ↑ Barker, T.C & Harris, J.R. (1994). Merseyside Town in the Industrial Revolution: St. Helens, 1750-1900. Routledge. s. 3–11. ISBN 0714645559.
- ↑ Barker, T.C & Harris, J.R. 1994, s. 108–120.
- ↑ Barker, T.C & Harris, J.R. 1994, s. 120–131.
- ↑ Barker, T.C & Harris, J.R. 1994, s. 90–108.
