Merseyside

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Merseyside
EnglandMerseyside.png
Geografi
Status Seremonielt og metropolitansk grevskap
Opphav 1974
Region Nordvest-England
Areal 645 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

1 365 901
2 117,7 /km²
Etnisitet 97,1 % kvite
2,9% andre
Distrikt
MerseysideNumbered.png
  1. Liverpool
  2. Sefton
  3. Knowsley
  4. St Helens
  5. Wirral

Merseyside er eit metropolitansk grevskap i Nordvest-England med opp mot 1,4 millionar innbyggjarar. Det har fått namn frå elva Mersey og vart skipa 1974. Det består av fem bykommunar ved Mersey-estuaret, mellom anna byen Liverpool. Merseyside grevskapsråd vart avskaffa i 1986 så distrikta (bykommunane) er i dag i røynda sameinte styresmakter. Det metropolitanske grevskapet eksisterer derimot framleis etter lova og som eit grevskapsråd.[1][2]. Merseyside er delt i to område av Mersey-estuaret: Metropolitan Borough of Wirral ligg vest for estuaret på Wirralhalvøya. REsten av grevskapet ligg på austsida av estuaret. Dei austlege bykommunane grensar til Lancashire i nord og Stor-Manchester i aust og både vest- og austsida grensar til Cheshire i sør. Området som i dag utgjer Merseysida bestod tidlegare av kommunane Birkenhead, Wallasey, Liverpool, Bootle, Southport og St Helens. Birkenhead og Wallasey var delar av grevskapet Cheshire, medan Liverpool, Bootle, Formby Southport og St Helens var delar av Lancashire.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Office of National Statistics
  2. Metropolitan Counties and Districts, Beginners' Guide to UK Geography