Mersey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mersey
elv
none  Mersey i Liverpool
Mersey i Liverpool
Land Flag of England.svg England
Grevskap Merseyside, Cheshire
By Liverpool
Lengd 112 km
Nedslagsfelt 4 680 km²
Kjelde
 - stad Stockport, North Cheshire
Wikimedia Commons: River Mersey

Mersey (uttale: ˈmɝːzi) er ei elv i Nordvest-England. Ho er 113 kilometer lang, og har eit nedbørfelt4 680 km². Elva blir danna ved samløpet mellom elvane Goyt og Tame i sentrum av byen Stockport i Stor-Manchester. Ho renn derfrå mot vest, der ei lang strekning er kanalisert i Manchester Ship Canal. Etter byen Warrington dannar elva eit opptil 5 kilometer breitt estuarium. Etter å ha passert forbi dokkområda i Liverpool og Merseyside munnar elva til slutt ut i Liverpoolbukta i Irskesjøen.

Gjennom mange hundreår danna Mersey lange delar av den gamle grevskapsgrensa mellom Lancashire og Cheshire.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem frå det angelsaksiske Mǽblir reidd-ēa som tyder «grense-elv»,[1] moglegvis med referanse til grensa mellom Mercia og Northumbria.

Løpa til elva[endre | endre wikiteksten]

Mersey kan geografisk delast i to klard fråskilte delar: Ferskvasselva frå Stockport ned til tidvassgrensa i Warrington, og tidvassonem og estuaret mellom Warrington og Liverpool. Forutan dei nemnde to tilløpselvane Tame og Goyt så er dei største sideelvane Gowy, Weaver, Sankey Brook, Bollin, Glaze Brook og Irwell.

Ferskvasselva[endre | endre wikiteksten]

Starten på Mersey reknast i dag frå samløpet mellom elvane Goyt og Tame i den sentrale delen av Stockport. Tidlegare, og på mange gamle kart, vart likevel starten på Mersey rekna frå samløpet mellom Goyt og Etherow, som renn inn i Goyt noko kilometer lenger oppstraums. Til dømes, i 1911-utgåva av Encyclopedia Britannica står det at «Ho dannast ved møtet mellom Goyt og Etherow eit kort stykke nedanfor Marple i Cheshire». På John Stockdale sitt kart frå 1784 strekte Mersey seg heilt til Mottram, 7 km nordaust for Marple, og danna grensa mellom Cheshire og Derbyshire.[2]

Elva Mersey renner inn i Manchester Ship Canal ved Irlam

Frå Stockport renn elva forbi byane Cheadle, Didsbury, Sale, Stretford, Urmston og Flixton, til ho ved Irlam renner inn i Manchester Ship Canal, som frå Manchester til Irlam er ein kanalisering av elva Irwell. Det tidlegare løpet til Mersey er vorte erstatta av kanalen herfrå ned til Rixton, men spor av det gamle elveleiet kan framleis sjåast ved Irlam og ved Warburton. Ved Rixton renn elva Bollin inn i kanalen frå sør og Mersey forlèt kanalen mot nord. Ho renn i vide meandersvingar gjennom Woolston, der mudringane til kanalselskapet har danna eit naturreservat (Woolston Eyes), og deretter Warrington. Elva blir påverka av tidvatnet opp til terskelen Howley Weir i Warrington, sjølv om vatnet ved springflo ofte går over terskelen. Før skipskanalen vart bygd fanst det her ei sluse kalla Howley Lock, slik at båtar kunne kome forbi Howley Weir og vidare oppover elva. Slusa er no ikkje i drift lenger, men ho finst framleis og kan sjåast enno i dag.

Estuar og munning[endre | endre wikiteksten]

Mersey ved den gamle ferjestaden Fiddlers Ferry nær Penketh, vest for Warrington.

Vest for Warrington vidar elva seg først ut, men smalnar så til igjen medan ho passerer gjennom Runcorn Gap mellom byane Runcorn i sør og Widnes i nord. Manchester Ship Canal ligg òg i Runcorn Gap, langs sørbreidda av elva. Over elva ved Runcorn Gap går bruene Silver Jubilee Bridge og Runcorn Railway Bridge. Mersey Gateway, eit prosjekt for bygging av ei ny motorvegbru over Mersey austom dei eksisterande bruene er for tida under vurdering, og har fått ei viss støtte frå den britiske regjeringa.[3]

Sandbanke i Mersey-estuariet

Frå Runcorn Gap vidar elva seg ut til eit stort estuar, som er 5 kilometer breitt på det breiaste, ved Ellesmere Port. Elva endrar her kurs mot nordvest, med Liverpool på austsida og Wirral-halvøya i vest. Manchester Ship Canal fortset på sørsida av elva til endepunktet ved Eastham-slusene, som knyter saman kanalen og elva. Den austlegaste delen av estuaret er sterkt påverka av silting, og einskilde delar er på nyare kart markert som tørt land i staden for som tidvassone. Desse våtmarkene er viktige for dyre- og planteliv, og er lista som eit Ramsarområde.

Etter kvart som elva fortset nordover mot sentrum i Liverpool smalnar estuaret gradvis inn, til ho mellom Albert Dock i Liverpool og Woodside ferjeterminal i Birkenhead er berre 1,2 kilometer brei. Elva munnar til slutt ut i Liverpoolbukta i Irskesjøen mellom Bootle i nord og New Brighton i sør.

Mersey har den nest høgaste tidvasskilnaden i Storbritannia, etter Severn, med 4 meter ved nippflo og 10 meter ved springflo. Flaskehalsen i estuaret ved Liverpool tvingar vatnet til å renne raskare her, noko som har laga ei djup renne i elvebotn. Dei sterke tidvasstraumane har ført til forslag om å byggje ei demning for produksjon av tidvasskraft. Ved springflo skapar ofte den høge tidvasskilnaden ei tidvassbølgje som kan merkast heilt aust til Warrington.

Skipsfart og hamneanlegg[endre | endre wikiteksten]

Gladstone Docks ved Mersey i Liverpool.
Princes Dock i Liverpool.

Mersey-estuaret er eit av dei travlaste skipsfarts- og hamneområda i Europa. Etter at Manchester Ship Canal vart bygd går store handelsskip vanlegvis ikkje lengre oppover elva enn til Garston på nordbreidda, eller til slusene inn i skipskanalen ved Eastham på sørbreidda. Djupvassrenner blir haldne ved like til begge stadene.

Heilt ute ved munningen på Liverpoolsida ligg terminalen Seaforth Dock, som vart opna i 1971. Han handterer årleg 500 000 containerar, 1 236 000 tonn olje, over 2,5 millionar tonn korn og dyrefor, 452 000 tonn trelast, og tek hand om 25% av all containertrafikk mellom Storbritannia og USA, noko som har gjeve det tilnamnet «Atlantic Gateway».[4] Liverpool var den første britiske hamna med radarassistert drift.

Langs Liverpoolsida av elva strekkjer Liverpool Docks seg over 12 kilometer innover estuaret. Dette er det største samanhengande og innelukka dokksystemet i verda. Den amerikanske forfattaren Herman Melville skildra Liverpool Docks som samanlignbare med pyramidane i dei enorme omfanga til konstruksjonane. Dokkene er grave ut av og bygd inn i elvebreidda. For å få tilstrekkeleg med stein til bygginga av kaiene åtte Mersey Docks and Harbour Board eit eige granittbrot i Skottland. Det er òg store dokkanlegg på Birkenhead-sida av elva.

Fram til tidleg på 1900-talet vart kommersielle laster som skulle vidare oppover elva hovudsakleg frakta i store flatbotna, seglførande lekterar kalla «Mersey Flats». Desse kunne føre last opp til Howley Wharf i Warrington og (via Sankey Canal) til St Helas. Motoriserte lekterar fortsette leveransar til fabrikkar ved elva i Warrington i alle fall til 1970-talet. No til dags er det likevel berre fritidsbåtar og yachtar som brukar den øvre delen av estuaret og tidvassonen, og fleire seglklubbar er heimehøyrande på denne strekninga av elva. På dei fleste høgvatna kan havgåande yachtar med mastene heva segle så langt oppstraums som til Fiddlers Ferry rundt 5 km nedstraums frå Warrington, der det er ein liten marina med tilgjenge til elva via ei elvesluse. Sjølv om dei fleste elvefartøy kan segle vidare oppover elva til Howley Weir, så finst det ingen kaiplassar og ingen fortøyningshøve der. Båtar som kan berast eller dragast kan gå heilt opp til Woolston. Sperra for båttrafikk vidare herfrå er juridisk, i og med at elva herfrå deler løp med Manchester Ship Canal dei neste 7 km opp til Irlam.

Mersey er tilknytt det engelske kanalsystemet på fleire stader, anten direkte eller via Manchester Ship Canal. Dei spesielle kanalbåtane («narrowboats») kan endå ikkje gå ut i sjølve Mersey-estuaret, på grunn av det farlege tidvatnet der. Frå sentrum i Liverpool går Leeds and Liverpool Canal, den lengste kanalen i England, mot nordaust over Penninane til Leeds i Yorkshire. Frå Ellesmere Port går Shropshire Union Canal mot søraust til Birmingham, og frå Widnes til St Helas via Warrington går Sankey Canal (eller St Helas Canal), som er den eldste av alle kanalane i England. Bridgwater Canal går meir eller mindre parallelt med Mersey frå Runcorn til Manchester, og kryssar over elva ved Sale.

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

Containerlekter ved Eastham, nær inngangen til Manchester Ship Canal.

Vasskvaliteten i Mersey vart alvorleg påverka av industrialiseringa i regionen, heilt frå den industrielle revolusjonen på 1800-talet fram til siste halvdelen av 1900-talet. I 1983 skreiv dåverande miljøminister Michael Heseltine følgjande om Mersey, i ein medviten provokativ oppfordring til handling: «Elva er i dag ei fornærming mot dei standardane som eit sivilisert samfunn burde forlange til miljøet sitt. Uhandsama kloakk, forureining og giftige utslepp bidreg alle til ein vasskvalitet og til miljømessige standardar som er kanskje det einskildståande mest forkastelege kjenneteiknet på denne kritiske delen av England.»

I 1985 vart så Mersey Basin Campaign etablert for å betre vasskvaliteten og å oppmuntre til fornying av strøka langs elva. Mange ulike tiltak vart gjennomført i åra som følgde, og i 2002 vart det rapportert at oksygennivåa i vatnet var høge nok til at fisk igjen kunne leve i heile elva for første gongen sidan industrien byrja ved Mersey.[5]Det finst no igjen laks i elva, som kan sjåast ved laksetrappene ved Woolston Weir og Howley Weir frå september til november. Sidan 2006 har òg gråsel vore observert så langt inn i landet som Woolston.

I 2009 vart det kunngjort at elva «no er reinare enn nokon gong sidan den industrielle revolusjonen» og at ho «no blir rekna som ei av dei reinaste elvene i Storbritannia».[6]

Samband over elva[endre | endre wikiteksten]

Den første faste sambandet over elva var Mersey Railway Tunnel, som vart sett i drift i 1886. Han var opphavleg ein del av Mersey Railway, men utgjer i dag ein del av lokaltognettverket Merseyrail. Tunnelen vart elektrifisert i 1903. Midten av tunnelen er òg den djupaste, og ved fjøre sjø ligg han 27,5 meter under vassflata i elva.

Det går to vegtunnelar under Mersey frå Liverpool til Wirral-halvøya. Den eldste er Queensway Tunnel som opna i 1934 og knytte byen til Birkenhead, og i 1971 opna Kingsway Tunnel som gjekk til Wallasey.

Ferjetenesta Mersey Ferry går mellom Piar Head i Liverpool, og ferjeterminalar på Wirral-sida i Seacombe, Wallasey og Woodside i Birkenhead.

Mersey i populærkultur[endre | endre wikiteksten]

«Ferry across the Mersey», juni 2005

Elva Mersey har oppnådd internasjonal ry takka vere 1960-talsmusikken kjent som Merseybeat (eller Mersey Sound) og dei sterke assosiasjonane til Liverpool. Sjølve Mersey vart popularisert i Merseybeat-songen «Ferry Cross the Mersey» av Gerry & The Pacemakers, som vart utgjeve i 1965 med ein video der bandet framførde songen på ein båt som kryssa elva mellom Birkenhead og Liverpool.[7] Songen er òg innspelt av bandet Frankie Goes to Hollywood, og norske Vazelina Bilopphøggers laga seinare ein norsk versjon av songen, med tittelen «Ferge over Mjøsa». Denne versjonen nemner endå ikkje Mersey.

I august 2006 sette Nicky Allt og David Kirby opp komedien «Brick up the Mersey tunnels»[8] som dei sjølv hadde laga i Liverpool.

Paul McCartney-songen «That Was Me» frå 2007, frå albumet Memory Almost Full nemner merseybeating med bandet. «Mersey Paradise» av The Stone Roses har elvenamnet i tittelen. Nokre versjonar av den populære folkeballaden «The Leaving of Liverpool» nemner òg elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mills, A. D. (1998) A dictionary of English place-names, s. 240 – Oxford. ISBN 0-19-280074-4.
  2. John Stockdale, 1794, Map of the Environs of Mottram-in-Longdendale
  3. Mersey Gateway. Halton Borough Council. Vitja 5. juli 2011.
  4. http://www.merseyreporter.com/history/historic/dockseaforth/index.shtml Local Newspaper history page.
  5. Mersey cleanest for 200 years. BBC News. Vitja 5. juli 2011.
  6. Smith, Marker (24. september 2009), «Mersey 'cleanest since industrial revolution'», Runcorn Weekly News, Trinity Mirror North West & North Wales, side 7.
  7. «Ferry Cross the Mersey», YouTube
  8. Brick up the Mersey Tunnels? Sist oppdatert 14. aug 2006 BBC Home Vitja 5. juli 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 53°27′N 3°02′W