St. Moritzsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
St. Moritzsjøen
St. Moritzersee
Lej da San Murezzan
innsjø
none
Område Engadin i Graubünden
tilsig Inn, Ovel dal Mulin
utløp Inn
Høgd over havet 1768 moh moh
Lengd 1 6 km km
Areal 0 78 km² km²
Tilfryst desember - mai
Byar St. Moritz
Wikimedia Commons: Lake St. Moritz

St. Moritzsjøen (tysk St. Moritzersee, retoromansk Lej da San Murezzan) er ein innsjø nær St. Moritz i Sveits. Med eit areal på 0,78 km² er han den minste av innsjøane i den øvre Engadindalen (Silsersee, Silvaplanasjøen).

Kvart januar eller tidleg i februar vert det halde polokonkurransar og hesteløp på innsjøen. Veddeløpa har sidan 1907 ført rike turistar til innsjøen for champagne og veddemål. Det var òg her sporten skikjøring med hest vart funnen opp, der hestar dreg skiløparar etter seg. Det første løpet vart halde i 1906 frå St. Moritz til Champfer og vart vunnen av Philip Mark med hesten Blitz.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]