Stamhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stamhus er ei nemning på ein godseigedom (jordegods eller storgard), som utan å delast skulle arvast av eldste son av eigaren. Eigaren av eit stamhus vart ofte kalla stamhusbesidder, eller godseigar. Eit stamhus fekk skattefritak, men til gjengjeld kunne det ikkje seljast. Nemninga vart mest nytta i unionen Danmark-Noreg. Stamhuset Hesselagergård vart oppretta i 1568, som det første stamhuset i Danmark. I høve Kristian den femtes danske lov av 1683 og Kristian den femtes norske lov av 1687 vart det mogleg for eigarar av setegardar (sædegårder) å oppretta eit stamhus. Setegarden måtte vera matrikulert med over 400 tønner hartkorn. Ordninga vart i Danmark avskaffa i 1919. I Noreg er ordninga med stamhus formelt ikkje oppheva, men paragraf 108 i den norske grunnlova av 1814 seier "«Ingen Grevskaber, Baronier, Stamhuse og Fideikommisser, maa for Eftertiden opprettes»." Stamhus vert i norske lover regulert i første rekke av lov av 23. juni 1888 nr. 3 med særlige Bestemmelser angaaende Leilendingegods tilhørende Stamhuse og visse Stiftelser m.v. (stamhuslova) og forskrift av 26. juni 1896 nr. 9805 angaaende Fremgangsmaaden ved Salg af Leilændingsgods tilhørende Stamhuse m.v. (stamhusforskrifta) gjeve i medhald av paragraf 9 i lova .

Nokre norske stamhus[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]