Statens jernbanetilsyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Statens jernbanetilsyn vart skipa 1.oktober 1996 som ein sjølvstendig etat under Samferdsledepartementet, og er finansiert over det ordinære statsbudsjettet for å vere den utøvande kontroll- og tilsynsstyresmakta for jarnbaneverksemder i Noreg, inkludert trikk og T-bane, og frå 1. januar 2012 dessutan for taubanar og underhaldningsparkar og tivoli som Taubanetilsynet og Park- og tivolitilsynet i Det Norske Veritas til då hadde teke seg av. Når det gjeld den parten av Statens jernbanetilsyns verksemd som har med park- og tivolitilsynet å gjere, er ikkje jernbanetilsynet å rekne som ein etat under Samferdsledepartementet, men under Kommunal- og regionaldepartementet.

Statens jernbanetilsyn vart oppretta for å få eit sjølvstendig statleg organ til å føre tilsyn med dei ulike jernbane- og sporvegsaktørane. Meininga var å leggje til rette for at fleire trafikkselskap skal kunne trafikkere det offentlege jarnbanenettet i Noreg, anten selskapa er offentlege eller private. Skipinga av Statens jernbanetilsyn er soleis eit element i den omorganiseringa av jarnbanen i Noreg som òg skipa av Jernbaneverket og oppstykkinga av Noregs statsbaner var ein part av.

Det ligg òg til jarnbanetilsynet å sjå til at selskapa for persontransport på jarnbanen held seg til føresegna om dei rettane jarnbanepassasjerar har andsynes transportselskapa, som til dømes dei krava passasjerane har til å få informasjon, kunne kjøpe billettar, få skadebot ved forseinkingar, få assistanse dersom dei er rørslehemma eller funksjonshemma på anna vis, at kvaliteten er av rett standard, og dessutan kunne krevje at selskapa skal ha ei ordning for førehaving av klager som passasjerane kan ha mot dei. Men det er ikkje Statens jernbanetilsyn som er klageinstans for klagane frå jarnbanepassasjerar, men frå 1. februar 2012 den Transportklagenemda som vart skipa då.

Statens jernbanetilsyn har om lag femti tilsette, og kontor i Oslo og Trondheim.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]