Statens pensjonsfond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Statens pensjonsfond, som òg er kjend som Pensjonsfondet eller Oljefondet, er eit norsk statleg fond som vart skipa i 1990, og som i 2006 fekk namnet endra til Statens pensjonsfond - utland (SPU). Dette var ei vidareføring av Statens petroleumsfond og av Folketrygdfondet, som har fått namnet Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Båe fonda har på kvar sitt vis som oppgåve å tryggje dei offentlege pensjons- og trygdeytingane til folket i Noreg. Verksemda i dei to fonda var ført vidare som to organisasjonar under kvar sin administrasjon, slik at Statens pensjonsfond i røynda berre er å sjå på som ei felles nemning for dei to særskilde fonda.

Forvaltningen av Statens pensjonsfond ligg under Finansdepartementet. Noregs Bank med si avdeling Noregs Bank Investment Management, med hovudstyret i Noregs Bank som styre, har den operative forvaltninga av Statens pensjonsfond - utland, som skal plassere midlane i aksjar, obligasjonar og andre verdepapir i utlandet i samsvar med retningsliner som Finansdepartementet har fastsett.

Midlane i Statens pensjonsfond Noreg vert forvalta av Folketrygdfondet.