Folketrygdfondet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folketrygdfondet
Selskapsformsærlovselskap Sjå dette på Wikidata
Org.nr.971 525 061
Skipa1. januar 1967
EigarFinansdepartementet i Noreg Sjå dette på Wikidata
Bransjepensjonsfond
HovudkontorHaakon VIIs gate Sjå dette på Wikidata
Tilsette47, 51 Sjå dette på Wikidata

Folketrygdfondet er eit norsk statsorgan (særlovselskap) som forvaltar Statens pensjonsfond – Noreg, som opphavleg hadde namnet Folketrygdfondet. Folketrygdfondet var skipa i 1967 av Per Borten-regjeringa i medhald av lov om folketrygd frå 17. juni 1966. Føresegnene om forvaltinga av fondet vert fastsett av Stortinget.

Folketrygdfondet vert leia av ni styremedlemar utpeika av regjeringa (Kongen i statsråd) for fire år om gongen. Midlane i fondet er plassert i ei lang rekkje ulike aksjar, obligasjonar og verdepapir, og målet er å oppnå størst mogleg avkasting på investeringane innanfor akseptabelt trygge rammer, til det beste for fondet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]