Staude
Hopp til navigering
Hopp til søk
Staude er ein fleirårig plante, typisk ein hageplante, som ikkje er ein busk eller eit tre. Hjå mange staudar visnar dei overjordiske delane vekk under kulde- eller tørkeperiodar, medan røtene overlever. Hjå nokre eviggrøne eller vintergrøne staudar overlever også dei overjordiske delane.
Typisk for ein staude er at den er i stand til å blomstra og sette frø meir enn ein gong. Ein bruker gjerne omgrepet for å skilja mellom fleirårige hageplantar og eittårige eller toårige plantar.