Hage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hage utanfor eit hus i Australia.
Japansk hage sett frå ein hagebygning i Keitakuen i Osaka.

Ein hage er eit avgrensa område der det vert dyrka pryd- og nyttevekstar.

Ordet har same rot som «hegn», slik tydde «hage» opphavleg eit innhegna område. I moderne tyding er ordet bruka sidan 1600-talet, og har i somme samanhengar trengt bort ordet «gard». Spesialiserte hagar er til dømes grønsakshagar, urtehagar og eplehagar. Hamnehage viser framleis til eit inngjerda beiteområde, medan barnehagen berre har hegna til felles med den tradisjonelle hagen.

Hagar og parkar utgjer ein spesiell type kulturminne ved at dei på den eine sida er menneskeskapte anlegg, på den andre sida kultivert natur. Hagane har oppigjennom åra vore til nytte ved at dei har vore ein stad for produksjon av nyttevekstar, dei har gjeve rom for leik og kvile, og dei har gjeve eigarane status andsynes lokalmiljø og gjester frå verda utanfor.

Historiske hagar[endre | endre wikiteksten]

Kart over hageanlegget kring slottet Petit Trianon ved Versailles (ca. 1770-1795).

«Edens hage» med rennande vatn, fire verdshjørne og tre med frukter har i periodar vore eit ideal i europeisk hagekunst. Babylons hengande hagar var eit av verdas sju klassiske underverk.

Norsk hagehistorie[endre | endre wikiteksten]

Rosehagen ved Baroniet Rosendal.
Foto: Kjetil Lenes

I Noreg har enkle, inngjerda hagar for nytte og pryd eksistert frå førhistorisk tid. Med røter i krossdelte klosterhagar frå mellomalderen vart ein folkeleg utgåve av den geometrisk inndelte renessansehagen utbreidd over heile landet. Den meir storslegne barokkhagen var mindre utbreidd i Noreg.

Den engelske landskapshagen braut med dei rette linene og den formklypte vegetasjonen i hagane frå renessansen og barokken. Norsk natur låg godt til rette for denne frie stilen, og over størstedelen av landet kom det små landskapsparkar med treklyngjer og store grasflater, oppdemde bekkeløp, spaserstiar og paviljongar. I 1800-talshagen dominerte landskapsstilen òg, men då helst i mindre utgåve. Men element som grusstiar, frittliggjande blomebed med sommmarblomar, lysthus og kjøkkenhage høyrde med.

Nyformalismen braut med landskapsstilen, og tok opp element frå renessansen og barokken: eit rettvinkla grunnplan, mjukna opp med hardføre staudar, roser og blomande buskar. Hagane vart inndelte i mange rom ved hjelp av gjerde eller klipte hekkar.

Funksjonalismehagane vart innretta for aktiv bruk med ubrotne plenflatar for leik og samvære, utan arbeidskrevjande blomebed overalt. Staudebed vart lagde i kanten av plenen eller langs hellelagde gangstiar som berre gjekk der det var høgst naudsynt. Hagen vart ramma inn med buskplantingar. Hagen skulle vere lettstelt, tanken om historiske ideal var vraka. For mange var «naturtomta» med eit tilsynelatande urøyvd landskap den beste hagen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hage