Stavfjorden i Steigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°42′29″N 15°34′37″E Stavfjorden er ein fjordarm av Vinkfjorden og Nordfolda i Steigen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 7,5 km austover til garden med same namn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Håkjerringneset i nord og Litlskallen i sør. Fjorden er omgjeve av svært høge fjell som stig bratt opp frå fjorden. På nordsida finn ein Håkjerringnestinden (809 moh), Lofotholtinden (1119 moh) og Ingerbakktinden (1190 moh). Ved Ingerbakktinden ligg isbreen Reinvikisen. På sørsida av fjorden Tverrfjellet på 1044 meter over havet.