Nordfolda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°43′1.1892″N 15°12′45.472″E

Nordfolda sett frå Breivika på vestsida. Multindan er fjellet på andre sida av fjorden. Innløpet til Brattfjorden ligg til venstre på bilete på andre sida av fjorden.

Nordfolda er ein fjordarm av Folda i Steigen og Sørfold kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 43 km nordaustover til Storeidet i botn av Mørsvikfjorden.

Fjorden har innløp ved og går først nordaustover. På austsida av Hjartøya ligg Mulfjorden. Grenda Laukvika ligg ytst i fjorden på vestsida og nordover langs vestsida finn ein bygdene Stamsvika og Nordfold. Bortsett frå bygda Storeidet inst i fjorden er det berre mindre grender og gardsbruk langs fjorden.

Nordfolda har fleire sidearmar. Brattfjorden ligg på austsida, litt nordaust for Hjartøya. Litt lenger nord går Vinkfjorden søraustover, og han har igjen Stavfjorden som fjordarm. Lengst nord i fjorden går Balkjosen vidare nordover til Store og Litle Balkjosen. Frå her svingar fjorden austover der han igjen snur søraustover skiftar han namn til Mørsvikfjorden, som endar ved Mørsvikbotn.

Fv631 og Fv632 går langs vestsida av fjorden. Heilt inst i Mørsvikbotn går E6 forbi.

Flyfoto av Nordfolda sett frå aust med Mørsvikfjorden framfor