Stefan Banach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stefan Banach
عالم الرياضيات البولندى ستيفان بناخ.jpg
Stefan Banach på eit polsk frimerke.
Fødd 30. mars 1892
Død 31. august 1945 (53 år)
Område Matematikk
Institusjonar Lvivs universitet
Alma mater Lvivs universitet
Doktorgradsrettleiar Hugo Steinhaus
Kjend for Banachrom

Stefan Banach (30. mars 189231. august 1945) var ein dugeleg matematiker frå Polen. Han var ein av dei viktigaste personane i den såkalla Lvov-skulen i matematikk i Polen før krigen. Som matematikar var han i stor grad sjølvlærd, og geniet hans vart tilfeldigvis oppdaga av Juliusz Mien og seinare av Hugo Steinhaus.

2. verdskrigen starta var Banach president i det polske matematiske selskapet og professor ved Universitetet i Lviv. Sidan han var korresponderande medlem av Vitskapsakademiet i Ukraina og på god fot med sovjetiske matematikarar, fekk han halde stillinga si trass i at Sovjetunionen invaderte byen i 1939. Banach overlevde den påfølgjande brutale tyske okkupasjonen frå juli 1941 til februar 1944. Helsa hans vart dårlegare under okkupasjonen, og han utvikla lungekreft. Etter krigen vart Lviv innlema i Sovjetunionen, og Banach døydde der. Han er gravlagt ved Lychakivskyj-gravplassen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]