Stefan Lövgren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stefan Lövgren


Statsborgarskap Sverige
Fødd 21. desember 1970 (53 år)
Partille
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Lars Stefan Lövgren (fødd 21. desember 1970) er ein svensk tidlegare handballspelar frå Partille. Perioden 1994-2002 vart han europameister fire gongar, og ein gong verdsmeister. Lövgren var vanlegvis midtre rykkromspelar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Lövgren landskamp-debuterte 23. oktober 1993. Fram til 2006 deltok han i 269 landskampar og skåra 1161 mål. Han var landslagskaptein frå 2001 til han slutta. Åra frå 1994 til 2002 sanka han fire EM-medaljar, alle i gull, og fire VM-medaljar i ulike valørar. Lövgren er den einaste spelaren som har skåra minst 50 mål i alle dei tre store internasjonale turneringane: verdsmeisterskap (1997: 50), sommar-OL (2000: 51) og europameistersap (2002: 57).

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Lövgren var aktiv i Redbergslids IK frå 1990. Gjennom åtte sesongar i toppserien 1169 skåringar, sanka han fem meister-pokalar i serien i tre i cupen. 1998/99-sesongen spelte han på det tyske bundesliga-laget Niederwürzbach. Frå 1999 til han la opp i 2009 gjorde han teneste i THW Kiel, der han var lagkaptein frå 2001. I desse ti sesongane vart han sju gongar tysk ligameister og i 2002 og 2004 vinnar av europaserien. Høgdepunktet kom då han leia Kiel til triumf i meisterligaen våren 2007.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull: 1994, 1998, 2000 og 2002 med Sverige
  • VM-gull: 1999 med Sverige
  • VM-sølv: 1997 og 2001 med Sverige
  • VM-bronse: 1995 med Sverige
  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 2007 for THW Kiel
  • Vinnar av EHF-europaserien: 2002 og 2004 for THW Kiel
  • Svensk seriemeister: 1993, 1995, 1996, 1997, 1998 for Redbergslid
  • Svensk cupmeister: 1996, 1997, 1998 for Redbergslid
  • Tysk ligameister: 2000, 2002, 2005, 2006, 2007, 2008, 2009 for THW Kiel
  • Tysk pokalvinnar: 2000, 2007, 2008, 2009 for THW Kiel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]