Steinar Imsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinar Imsen
Fødd3. april 1944
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, historikar
InstitusjonarNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alma materUniversitetet i Oslo
Universitetet i Trondheim
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Steinar Imsen {{fødd 3. april 1944) er ein norsk historikar, og professor emeritus ved Institutt for historiske studier, NTNU. Arbeidsfeltet hans er seinmellomalderen og tidleg moderne tid (1536-ca. 1800). Han er spesialist på historia til norske dronningar, historia til erkebispedømmet Nidaros og politisk utvikling i seinmellomalderen.

Han vart utdanna cand.philol. med historie hovudfag frå Universitetet i Oslo i 1970 og vart dr. philos. ved Universitetet i Trondheim i 1981. Han vart tilsett som universitetslektor i 1974, førsteamanuensis i 1976 og har vore professor der sidan 1992. Imsen var før det tilsett ved Norsk lokalhistorisk institutt frå 1970 til 1974. Imsen har òg vore redaktør for Norsk historisk leksikon. Han har skrive den mest brukte innføringsboken i europeisk mellomalderhistorie ved norske universitet.

Historiesyn[endre | endre wikiteksten]

Steinar Imsen har framheva norske bønder sin evne til å organisera seg i dansketida, og korleis det kom til uttrykk i det offentlege lokalstyret. Ifølgje Imsen var det eit samband mellom det leiarskapet dei der utøvde og dei politiske aksjonane overfor styresmaktene.[1]

I 1991 gav han ut ei bok om norske dronningar, Fra Ragnhild Eriksdatter til Sonja. Her tematiserte Imsen korleis dronningane kunne spela ei politisk rolle sidan det ikkje var noko klårt skilje mellom det offentlege og det private. Boka har òg ført til at Imsen ofte vert brukt som kjelde i pressen i samband med artiklar om kongelege.

Imsen var frå 2000 til 2003 redaktør for det store verket om Historia til erkebispedømmet Nidaros, Ecclesia Nidrosiensis, skrive saman med 18 andre forfattarar. I dette verket påpeiker Imsen at kyrkja var veletablert før kongedømmet vart konsolidert, og at organisasjonen til kyrkja i Noreg òg varte lenger enn det nasjonale norske kongedømmet i mellomalderen. Hovudtemaet for boka er den sentrale rolla som Nidaros erkebispesete hadde politisk, kulturelt og økonomisk. Ifølgje Imsen hadde norsk mellomalderforsking hatt «nasjonalstaten» sin vekst og fall i sentrum for interessa, noko som har ført til at kyrkjehistoria berre har vore interessant for historikarane i den grad ho har kunna kasta lys over konge og stat. «Vi ser også tydelig at kirken mot slutten av middelalderen overtar for kongedømmet som bærer av ideen om Norge som «nasjonalstat». Olav Engelbrektsson var den siste erkebiskopen, men som formann i riksrådet var han også den siste samlende figuren for Norge som selvstendig rike. Derfor måtte han flykte fra landet i 1537».[2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Steinar Imsen. Da reformasjonen kom til Norge. Cappelen Damm Akademisk. ISBN 978-82-02-52284-1. 
  • 2003 Ecclesia Nidrosiensis
  • 2002 Noregs nedgang Kortfattet historiografisk oversikt over hvordan senmiddelalderens historie har blitt fortalt/forklart i ettertidens forskning ISBN 82-521-5938-9
  • 2000 Europa 1300-1550 Innføringsverk i Senmiddelalderens historie (2. utgave av verk som i 1. utgave fra 1984 het Senmiddelalderen) ISBN 82-00-45406-1
  • 1991 Fra Ragnhild Eriksdatter til Sonja
  • 1990 Norsk bondekommunalisme : fra Magnus Lagabøte til Kristian Kvart

Artiklar i Historisk Tidsskrift[endre | endre wikiteksten]

  • Earldom and Kingdom. Orkney in the Realm of Norway 1195-1379. Historisk tidsskrift 2000 79: 2
  • Litt mer om Tronfølgeordningen 1319-1450 Historisk tidsskrift 1976 55: 96-107
  • Den tronfølgerettslige situasjonen i Norge ved utgangen av middelalderen Historisk tidsskrift 1987 66: 169-179
  • Over bekken etter vann eller historien om den tyske bondekommunalismen som hjelp til selvhjelp Historisk tidsskrift 1989 68: 166-183
  • Registrum Ecclesie Aboensis eller Åbo Domkyrkas Svartbok. Historisk tidsskrift 1997 76: 314
  • Kunsten å konstruere. Noen kritiske merknader til Erling Sandmos avhandling «Slagbrødre. En studie av vold i to norske regioner i tiden fram mot eneveldet». Historisk tidsskrift 1998 77: 481-501.
  • Lars Hamre (Nekrolog skrevet av Imsen) Historisk tidsskrift 1999 78: 291
  • «landet Orknøy oc greuescapet ther same stadhs» Historisk tidsskrift 2007 86: 199

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Øystein Rian Bøndene går til makta i sør. Kronikk i Adresseavisen 17.06.2005
  2. Adresseavisen 19.07.2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]