Steinbruvann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinbruvann
innsjø
Steinbruvann.JPG
Steinbruvann sett frå sørsida i juli 2007
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oslo
Høgd over havet 256 moh
Areal 0,14 km²
Middeldjupn 24 m
Koordinatar 59°58′41″N 10°53′00″EKoordinatar: 59°58′41″N 10°53′00″E
Wikimedia Commons: Steinbruvannet

Steinbruvann er eit kjent badevatn i Lillomarka nord for Oslo. Vatnet ligg i eit populært rekreasjonsområde nedanfor Røverkollen, i kort avstand frå Grorud og Romsås. Det er gode høve for turar inn i marka frå vatnet, både for vandrarar, syklistar og skigåarar.

I perioden frå 1936 til 1971 var Steinbruvann drikkevasskjelde og derfor stengt for bading og fisking. I samband med reguleringa vart det i 1936 demd opp ein badedam sør for vatnet.

Steinbruvannet vart demd opp før år 1800. Det finst innskrifter på steinar i silhuset på dammen som les «Monsen 1795», «1875» og «1935». Den naturlege «steinbrua» i sundet i nord, der ein visstnok kunne hoppe frå stein til stein, vart sett under vatn. Men vatnet har halde namnet sjølv om det på gamle kart kan stå Seinbrødvann. Dessutan gjekk vatnet ei tid under namnet Steinbruddvannet etter alle dei små steinbrota på austsida. «Stemmern» har òg vore eit populært namn blant folk som trudde det riktige namnet var Stemmerudvannet.

Bergensveien vart nedlagt i 1873 og kunne dermed settast under vatn i 1875. I dag kan ein sjå restar av den gamle Bergensveien litt under vassflata.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]