Antrasitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Steinkol)
Hopp til navigering Hopp til søk
Antrasitt
Coal anthracite.jpg
Antrasitt

Antrasitt er naturleg førekomande kol og inneheld 92–98 % karbon. Fargen varierer frå djup svart til jarngrå. Antrasitt er vanskeleg å tenne, og brenn berre ved kraftig lufttilførsel, og med ganske kort flamme fordi han utvikla lite gass. Varmeverdien er større enn for andre kolsortar, frå 33 500 kJ til 37 700 kJ per kg (8 000 kcal til 9 000 kcal per kg).

Steinkol er ein mellomting mellom brunkol og antrasitt. Det inneheld 77–95 % karbon, medan innhaldet av flyktige hydrokarbon varierer mellom 10 og 40 %. Brennverdien er kring 28 000 kJ/kg. Glanskol er ein glinsande, beksvart varietet av steinkol.

Svalbard finst steinkolførekomstar frå devon, karbon, jura, kritt og tertiær.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]