Stepan Bandera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stepan Bandera
SBandera.jpg
Fødd 1. januar 1909
Staryi Uhryniv
Død

15. oktober 1959
München

Yrke politikar
Stepan Bandera på Commons
Stepan Bandera monument in Ternopil

Stepan Andrijovytsj Bandera (ukrainsk Степан Андрійович Бандера) (1. januar 190915. oktober 1959) var ein ukrainsk politikar som leidde Organisasjonen av Ukrainske Nasjonalistar OUN.

Han vart dømd til livsvarig fengsel for drapet på den polske innanriksministeren i 1934, men vart sett fri da sovjetiske styrkar tok Lviv frå Polen i 1939. Den 30. juni 1941 vart han med i den ukrainske regjeringa som vart proklamert etter at Nazi-Tyskland hadde invadert Sovjetunionen.

Etter dette vart han sett i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, der han sat til 1944, da han vart sett fri for å leie einingar av OUN/UPA.

Grupper frå OUN/UPA held fram med å drive væpna operasjonar mot sovjetiske og polske styresmakter til først på 1950-talet, særleg i Karpatane.

Den 15. oktober 1959 vart Bandera drepen i München i Vest-Tyskland, truleg etter ordre frå KGB.

I 2006 bestemte administrasjonen i Lviv at gravene til mellom andre Stepan Bandera skulle overførast til eit nytt område på gravplassen Lytsjiakivskij som er spesielt tileigna det som blir kalla den ukrainske nasjonale frigjeringskampen.

Kjelde: Den engelskspråklege wikipediaen.