Statslaus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Statslaus vil seia at ein ikkje er rekna som statsborgar i noko land.[1] Dette medfører at den statslause manglar diplomatisk vern frå ein heimstat, samfunnsrettar og vil ha store problem med å kryssa grenser.[2][3]

Ein kan bli statslaus fordi ein er fødd inn i ei folkegruppe som blir nekta eller fråteken statsborgarskap,[2] eller ved at foreldra sine heim- og/eller opphaldsland har motstridande reglar for å gje statsborgarskap.[3] Ein kan også mista statsborgarskapen gjennom utvandring, utvising eller liknande utan å ha fått statsborgarskap i eit nytt land. Menneskerettserklæringa slår fast at einkvar har rett til ein nasjonalitet (innforstått statsborgarskap), og at ingen vilkårleg må mista denne. Folkeretten har likevel ikkje eit eigentleg forbod mot å oppheva statsborgarskap.[2]

Statslause flyktningar kunne frå 1920-åra få Nansen-pass, gjevne ut av Folkeforbundet og godkjende av ei rekkje land. I dag har SN si flyktningetenesre, UNCHR, ansvar for reisedokument og busettingsland til desse.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Nazi-Tyskland gjorde gradvis jødiske borgarar i Tyskland og okkuperte land statslause, noko som medførte at dei ikkje kunne få visum til andre land for å flykta frå Holocaust.[4]

Myanmar har sidan 1982 rekna rohingyafolk i landet som «statslause bengalske muslimar» og nekta dei statsborgarskap.[5]

Brunei har eit stort tal innbyggjarar som er fødde og permanent busette i landet, men har sidan 1960-talet ikkje fått statsborgarskap. I staden for pass har dei fått reisedokument («International Certificate of Identity») som ikkje er godtekne for innreise til mange land.[6]

I Danmark viste «Statsløse-saken» frå 2011 at landet gjennom ein tiårsperiode hadde gjort fleire danskfødde barn statslause i strid mot Barnekonvensjonen.

Iranskfødde Mehran Karimi Nasseri er ein kjend enkeltperson som levde mange år som statslaus på Charles de Gaulle internasjonale lufthamn ved Paris. Soga hans er fortald i sjølvbiografien The Terminal Man og filmen The Terminal med Tom Hanks i hovudrolla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Statsløs» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 7. juni 2014.
  2. 2,0 2,1 2,2 «statsløs», Den Store Danske
  3. 3,0 3,1 «Da danskfødte Liv Maria blev statsløs», Information.dk (16. december 2011)
  4. Dan Fromowitz, «Importance of Documents», chgs.umn.edu
  5. «Rohingyas are not citizens: Myanmar minister», The Hindu (July 30, 2012)
  6. «Citizenship news lifts spirits of stateless PRs», Brunei Times (January 26, 2011)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Statslaus