Stephen Crane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stephen Crane. Portrett frå 1896

Stephen Crane (fødd 1. november 1871 i Newark i New Jersey, død 5. juni 1900 i Badenweiler) var ein amerikansk forfattar og journalist.

Crane voks opp i eit strengt metodistmiljø, men etter å studert ved Lafayette College og Syracuse University braut han opp og drog til New York, der den første romanen hans, Maggie: A Girl of the Streets, blei vurdert som så sterk i uttrykksforma at ingen forleggjarar ville utgje han. Han måtte derfor låne pengar og gje ut boka for eiga rekning. Ho blir av mange rekna som den første amerikanske naturalistiske romanen. Då Crane skreiv det første utkastet til boka hadde han inga røynsle med prostitusjon eller fattigdom. Likeeins var den realistiske krigsromanen The Red Badge of Courage skrive utan at Crane hadde sett ei slagmark. Seinare arbeidde han òg som krigskorrespondent, og dekte den Den gresk-tyrkiske krigen i 1897 og Den spansk-amerikanske krigen i 1898.

Opphaldet på Cuba svekka helsa hans, og når han kom attende derfrå slo han seg ned i England, der han budde dei siste åra av livet sitt. Her blei han mellom anna kjend med forfattarkollegaen Joseph Conrad. Crane døydde 28 år gammal av tuberkulose.

Ikkje gråt barn, krigen er god.
Um far din stupte i dei gule greftene,
krafsa seg i bringa, kovna der,
ikkje gråt.
Krigen er god

Stephen Crane. Attdikta av Olav H. Hauge
Utdrag frå «Krigen er god» (War is Kind) frå Dikt i umsetjing

Dei beste arbeida til Crane inkluderer noveller som The Blue Hotel, The Bride Comes to Yellow Sky, The Monster og The Open Boat, som byggjer på Crane si eiga røynsle frå eit skipsforlis. Også som lyrikar bruat Crane med dei litterære konvensjonane i samtida, med dikt som Black Riders (1895) og War is Kind (1899), skrive i frie vers utan versemål eller rim. Olav H. Hauge har attdikta nokre av Crane sine dikt til norsk. Letters blei utgjeve i 1960, og The Works of Stephen Crane i 10 band mellom 1969–75.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.