Stephen Hawking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stephen Hawking
Stephen Hawking.StarChild.jpg
Hawking ved NASA i 1980-åra
Fødd Stephen William Hawking
8. januar 1942 (74 år)
Oxford, England
Nasjonalitet Storbritannia
Område
Yrke theoretical physicist, kosmolog, astrofysikar, matematikar, astronom, pedagog, vitskapleg forfattar, universitetslærar, fysikar, faglitterær forfattar
Institusjonar Gonville and Caius College
Faculty of Mathematics, University of Cambridge
Perimeter Institute for Theoretical Physics
Alma mater
Doktorgradsrettleiar Dennis Sciama[1]
Doktorgradsstudentar
Kjend for
Ektefelle Jane Wilde Hawking
Barn Lucy Hawking, Robert Hawking, Tim Hawking
Medlem Royal Society of Arts
Order of the Companions of Honour
Pontifical Academy of Sciences
American Philosophical Society
National Academy of Sciences
Royal Society
American Academy of Arts and Sciences

Stephen William Hawking (fødd 8. januar 1942) i Oxford i England) er ein engelsk teoretisk fysikar, astrofysikar og matematikar.

Hawking har vore professor i matematikk ved Cambridge University sidan 1980. Hawking vart 20 år gammal råka av ein uhelbredleg og progressiv nevromotorisk sjukdom, som òg påverka hjernefunksjonane. Men han fullførte studiane, og med hjelp frå kona, medarbeidarar og studentar har han likevel klart å formidle verdifulle idear og utforme nye teoriar av stor tyding innan sine felt.

Arbeidsområda hans har vore romtid-teorien og særskild dei anomaliane i romtida kalla singularitetar. Sidan 1970 har dei viktigaste undersøkingane hans omfatta gravitasjonskollaps og eigenskapane ved svarte hòl. Seinar har han arbeidd med å formulere ein einskapleg teori for gravitasjonsteori og kvanteteori. Forskinga hans indikerer at svarte hòl ikkje eksisterer for evig, men snarare «fordampar» langsamt.

Hawking har skrive fleire populærvitskaplege bøker, mellom anna The Very Early Universe (1983), A Brief Historie of Time. From Big Bang to Black Holes (1988, norsk omsetjing Univers uten grenser, 1988), Black Holes and Baby Universes (1993, norsk omsetjing Svarte hull, babyuniverser og andre essays, 1993), The Nature of Space and Time (1996) og The Universe in a Nutshell (2001).

Hawking har fått mange prisar og utmerkingar, mellom anna Einsteinmedaljen 1979, Royal Astronomical Society sin gullmedalje i 1985, Copleymedaljen i 2006 og Presidentens fridomsmedalje frå USA i 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Stephen Hawking hos Mathematics Genealogy Project
  2. Allen, Bruce (1983). Vacuum energy and general relativity (PhD thesis). University of Cambridge. 
  3. Bousso, Raphael (1997). Pair creation of svart hòls in kosmologi (PhD thesis). University of Cambridge. 
  4. Carr, Bernard John (1976). Primordial svart hòls (PhD thesis). University of Cambridge. 
  5. Dowker, Helen Fay (1991). Space-time wormholes (PhD thesis). University of Cambridge. 
  6. Gibbons, Gary William (1973). Some aspects of gravitational radiation and gravitational collapse (PhD thesis). University of Cambridge. 
  7. Hertog, Thomas (2002). The origin of inflation (PhD thesis). University of Cambridge. 
  8. Laflamme, Raymond (1988). Time and quantum kosmologi (PhD thesis). University of Cambridge. 
  9. Page, Don Nelson (1976). Accretion into and emission from svart hòls (PhD thesis). California Institute of Technology. 
  10. Perry, Malcolm John (1978). Black holes and quantum mechanics (PhD thesis). University of Cambridge. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]