Stephen McManus
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fødd | 10. september 1982 | ||
| Fødestad | Lanark | ||
| Høgd | 188 cm | ||
| Posisjon | Midtstoppar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Middlesbrough | ||
| Nummer | 6 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 1997-2003 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2003-10 2010 2010- |
|
150 (17) 16 (1) 1 (0) | |
| Landslag | |||
| 2006- |
| 23 (2) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 13. juli 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 3. september 2010 | |||
Stephen McManus (fødd 10. september 1982 i Lanark i South Lanarkshire) er ein skotsk fotballspelar, som spelar for Middlesbrough på nest høgste nivå i engelsk fotball, og for det skotske fotballandslaget.
McManus starta fotballkarrieren sin i Glasgow-klubben Celtic, der han ligadebuterte i 2004. Han vart seriemeister i Skottland med Celtic i 2006, 2007 og 2008, og cupmeister i 2005 og 2007. Frå sommaren 2007 var han Celtic sin klubbkaptein. I 2009/10-sesongen mista McManus den faste plassen sin på laget til Celtic. Han var på lån hjå Middlesbrough i England i vårsesongen 2010, og sommaren 2010 vart overgangen til Middlesbrough permanent, for ein overgangssum på 1,5 millionar pund.
McManus debuterte for Skottland sitt A-landslag 11. oktober 2006 i ein kamp borte mot Ukraina, og skåra det første landslagsmålet sitt 8. september 2007 i ein EM-kvalifiseringskamp heime mot Litauen. Han var kaptein for landslaget første gong 26. mars 2008 i ein privatlandskamp heime mot Kroatia.