Stetinden i Tysfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stetinden
fjell
Stetind slingsby.jpg
Stetind, sett frå Stefjordneset.
Bilete teke av W.C. Slingsby i 1915.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Tysfjord (Nordland)
Høgd 1 392 moh.
Førstestiging 1910 (Ferdinand Schjelderup, Carl Wilhelm Rubenson og Alf Bonnevie Bryn)
Koordinatar 68°09′54″N 16°35′33″EKoordinatar: 68°09′54″N 16°35′33″E

Stetinden i Tysfjord
68°9′54″ N 16°35′33″ E
Wikimedia Commons: Stetind, Nordland

Stetinden (1392 moh.), òg kalla Stetind og Stádda (samisk), ligg i Tysfjord kommune i Nordland fylke. Ein kan sjå den mektige «ambolten» frå minst sju prestegjeld, og fjellet har frå gammalt av vore eit karakteristisk seglingsmerke for sjøfarande langs Nordlandskysten. Fjellet vart hausten 2002 kåra til Noreg sitt nasjonalfjell.

Det vart gjort fleire forsøk på å klatre til topps av Stetind på siste halvdel av 1800-talet. Sommaren 1888 prøvde tyske Paul Güssfeldt og norske Martin Ekroll seg utan å lukkast. Året etter, i 1889, gjorde dansken Carl Hall og den norske fjellføraren Mattias Soggemoen eit nytt forsøk. Heller ikkje dei lukkast, men Carl Hall bygde ein varde på fortoppen som ligg om lag 500 m søraust for Stetind. Denne toppen, Halls fortopp (1314 moh.), vart kalla opp etter han. Etter hundreårsskiftet prøvde William Cecil Slingsby seg, òg han utan å lukkast. Stetind vart første gong klatra 30. juli 1910 av Ferdinand Schjelderup, Carl Wilhelm Rubenson og Alf Bonnevie Bryn. Den første vinterklatringa vart gjort av Arne Næss, Ralph Høibakk og K. Friis Baasted i 1963 opp austveggen. Arne Næss og fire andre vart i 1966 dei første til å klatre til toppen via vestveggen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]