Riksveg 827

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riksveg 827
Riksveg 827
Strekning
Sommarset i Tysfjord – Sætran i Ballangen
Riksveg 827
Informasjon
Lengd 39,1 km
Status riksveg
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Riksveg 827

Riksveg 827 (Rv827) går mellom Sommarset i Tysfjord og Sætran i Ballangen. Vegen (utanom ferjestrekninga) er 39,1 km lang.

Vegen tar av frå E6 ved Sommarset og går austover til Drag, med ferje over Tysfjorden til Kjøpsvik og vidare mot nordaust til Efjorden og nordover langs vestsida av Forsahavet til Sætran der han møter E6 igjen.

Riksveg 827 er eit alternativ til E6 via Ulvsvåg. Riksveg 827 har ein litt lengre ferjestrekning enn E6, men er til gjengjeld 12 km kortare, og manglar bakkene ved Ulvsvågskaret og Skjellesvikskaret.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vegen mellom Sommarset og Drag vart bygd mellom 1935 og 1939. Ferjesambandet Drag-Kjøpsvik-Skarberget vart sett i drift 2. desember 1968. Anløpet på Skarberget vart nedlagt då vegen mellom Kjøpsvik og Sætran vart opna i 1992. Vegen gav Kjøpsvik ferjefritt vegsamband til Narvik.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Nordland [endre | endre wikiteksten]

Tysfjord
Stetind, utløpet av Stetindtunnelen kan skimtast i bakgrunnen
Ballangen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Erling Svanberg: Langs vei og lei i Nordland - Samferdsel gjennom 3000 år. Nordland fylkeskommune, Bodø 1990. ISBN 82-7416-021-5
  • Artikkel av Tore Kristoffersen i Bladet Vesterålen 11. januar 2007: Nord-Ferjer AS - historie og seilinger

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]