Steve Cherundolo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steve Cherundolo
Steve Cerundolo 2011.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Steven Cherundolo
Fødd 19. februar 1979
Fødestad Rockford
Høgd 168 cm
Posisjon Høgreback
Klubbinformasjon
Noverande lag
Hannover 96
Nummer 6
Ungdomsklubbar
1997-98 USA Portland Pilots
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999- Tyskland Hannover 96 290 (7)
Landslag
1999- USA USA 62 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. juni 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 18. juni 2010

Steven Cherundolo (fødd 19. februar 1979 Rockford i Illinois) er ein amerikansk fotballspelar som spelar i forsvar for Hannover 96 i tysk Bundesliga, og for det amerikanske landslaget. Han har spelt heile den profesjonelle karrieren sin for Hannover, fram til 2002 i 2. Bundesliga og sidan i 1. Bundesliga. Han debuterte for A-landslaget 8. september 1999 i ein kamp mot Jamaica. Han var med i troppen til fotball-VM både i 2002, 2006 og 2010. Han var med på å vinna CONCACAF Gold Cup med USA i 2005.