Stian Eckhoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stian Eckhoff

Stian Eckhoff.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. september 1979
Trondheim
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar, skiskyttertrener

Stian Eckhoff (fødd 3. september 1979 i Trondheim) er ein tidlegare norsk skiskyttar.

Eckhoff byrja med skiskyting som tiåring og vart med på junior-landslaget som 17-åring. Han har deltatt i verdscupen sidan 2000. Han vann sin første verdscupsiger på sprinten i Östersund i 2004, og sin andre på same distanse på same stad året etter. I 2004/05-sesongen kom han på tiande plass samanlagt i verdscupen, og var dermed nest beste nordmann etter Ole Einar Bjørndalen. Under VM i Hochfilzen i 2005 var han med på å vinna stafettgull for Noreg.

Eckhoff la opp i 2009 då han korkje fann plass på landslaget eller rekrutteringslandslaget.

Eckhoff er bror til skiskyttaren Kaja Eckhoff, som har vore junior-verdsmeister.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(per 12. desember 2007)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]