Hochfilzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den katolske soknekyrkja i Hochfilzen

Hochfilzen er ein kommune i Pillersee-dalen i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen er den aller austlegaste i distriktet Kitzbühel og i Nord-Tirol, den grensar i aust mot forbundslandet Salzburg. Hochfilzen har eit landareal på 32,7 km² og vel 1100 ibuarar.

Næringslivet er prega av magnesitt, som både vert utvunne og tilverka i kommunen. Elles er Hochfilzen kjend som ein snørik vintersportsstad, med vekt på langrenn og skiskyting. Verdsmeisterskapen i skiskyting har vorte arrangert i Hochfilzen i 1978, 1998 og 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]