Stig Berge
Utsjånad
Stig Berge | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. mars 1942 (82 år) Meldal kommune |
Idrett | orientering |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Olavstatuetten, Sportsjournalistenes statuett |
Stig Berge (fødd 28. mars 1942) er ein norsk vitskapsmann og tidlegare orienteringsløpar frå Meldal i Sør-Trøndelag. Han vart verdsmeister i orientering i 1970, i same meisterskapen sprang han ein etappe for det norske mannskapet som vann stafett-gullet. Berge vart noregsmeister på klassisk-distansen i 1964 og på langdistansen i 1967, 1970 og 1971. Elles fekk han med seg eit nordisk stafett-gull i 1965.
Stig Berge utdanna seg til sivilingeniør i teknisk fysikk ved Norges tekniske høgskole i Trondheim. Sidan vart han professor i faget, og arbeidde i fleire år som leiar for Institutt for marin teknikk ved NTH/NTNU.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stig Berge i Store norske leksikon
- Kunnskapsforlagets idrettsleksikon
Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.