Stig Sollander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stig Sollander
Stig Sollander 1956.jpg
Fødd 25. juni 1926
Östersund
Yrke alpinist
Stig Sollander på Commons
Stig Sollander til venstre, saman med Toni Sailer og Chiharu Igaya under medaljeseremonien OL 1956

Stig Oskar Sollander (fødd 25. juni 1926) er ein svensk tidlegare alpin skirennar frå Frösön i Jämtland. Han vann OL-bronse i slalåm i 1956, og sikra seg bronsemedaljar i VM-kombinasjon både i 1954 og 1956.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sollander deltok i Vinter-OL 1948, og kom langt ned på resultatlista. Langt betre gjekk det i dei neste vinterleikane, i Oslo i 1952, der han vart nummer fem i slalåm og kom på delt sjetteplass i storslalåm.

Under VM i alpine greiner 1954 i heimlandet, vart Sollander nummer sju både i slalåm og storslalåm, og nummer ni i utfor. Samla gav desse prestasjonane han bronsemedaljen i kombinasjonen. To år seinare fekk han ein ny VM-bronse i kombinasjonen, ei øving som var basert på tidene i dei ordinære øvingane under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Til grunn for kombinasjonsresultatet låg mellom andre Sollander si sterke tid i OL-slalåmen, ei tid som gav han bronsemedaljen i slalåm, den fyrste olympiske alpin-medaljen til ein svensk utøvar.

Han la bort konkurranseskia i 1958.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]