Stina Nordenstam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stina Nordenstam
Fødd4. mars 1969 (50 år)
FødestadStockholm i Sverige
FødenamnKristina Ulrika Nordenstam
OpphavSverige
Aktiv1991–
SjangerAlternativ rock, folk, jazz
Instrumentvokal
PlateselskapEast West Records
Independiente
V2 Records
Verka somsongar, låtskrivar

Kristina Ulrika «Stina» Nordenstam (fødd 4. mars 1969)[1] er ein svensk songar, låtskrivar og musikar.

Karrier[endre | endre wikiteksten]

Nordenstam vart fødd i Stockholm. Som barn var ho påverka av samlinga til faren med klassisk musikk og jazz. Stemma hennar førte tidleg til at ho vart samanlikna med artistar som Rickie Lee Jones og Björk. Dei tidlege albuma hennar, Memories of a Colour og And She Closed Her Eyes var jazz-inspirerte med element av alternativ rock. Dynamite frå 1997 var starten på ein meir eksperimentell veg—og det meste albumet er fylt med forvrengde gitarar og uvanlege rytmar. Coveralbumet People Are Strange frå 1998, vart spelt inn på same vis. I 2001 gjekk ho over til ein meir pop-aktig stil på This Is Stina Nordenstam med gjestevokal frå Brett Anderson. The World Is Saved frå 2004, fortsette i same sporet, men med fleire innslag av jazz.

Som gjesteartist har ho samarbeidd med David Sylvian-bandet «Nine Horses», mellom anna på albumet Snow Borne Sorrow og Money for All-EPen. Ho song og med Vangelis på songen «Ask the Mountains» på Voices, og det same gjorde ho på «To the Sea» med Yello og eit samarbeid med Anton Fier. I 2000 song Nordenstam på ein song av det danske bandet Mew på albumet Half The World Is Watching Me.

Nordenstam er òg ein dyktig fotograf og har regissert musikkvideoar. Ho er kjend for å vere tilbaketrekt og gjev sjeldan intervju, og har ikkje halde konsertar sidan Memories of a Colour-turneen. Ho endrar utsjånaden ved hjelp av parykkar og sminke for plateomslag og magasin.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Solosinglar og EPar[endre | endre wikiteksten]

  • «Memories of a Color» (1992)
  • «Another Story Girl» (1993)
  • «Little Star» (1994)
  • «Little Star» remixar (1994)
  • «Something Nice» (1994)
  • «Dynamite» (1997)
  • «Little Star» (1997), nyutgjeving etter at han vart nytta i Romeo + Juliet
  • «People Are Strange» (1998)
  • «Lori Glori» (2001)
  • «Sharon & Hope» (2002)
  • «Get On with Your Life» (2004)
  • «Parliament Square» (2005)

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.allmusic.com/artist/p45207
  2. Kristin Lundell (2. november 2007). «Stina Nordenstam redo att rädda världen | Kultur | SvD» (på svensk). Svd.se. Henta 9. september 2014.