Stishovitt
Utsjånad
Stishovitt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Mineral | ||
Kjemisk formel | SiO2 | ||
Strunz-klassifisering | 04.DA.40 | ||
Krystallsymmetri | Tetragonal ditetragonal dipyramidal H-M-symbol: (42/m 21/n 21/m) Romgruppe: P 42/mnm (No. 136) | ||
Einingscelle | a = 4.1772(7) Å, c = 2.6651(4) Å; Z=2 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus (rein) | ||
Krystallsystem | Tetragonal | ||
Mohs hardleiksskala | 9-9.5[1] | ||
Glans | glasaktig | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 4.287 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nω = 1.799–1.800 nε = 1.826–1.845 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.027 | ||
Smeltepunkt | (bryt ned) | ||
Kjelder | [2][3][4] |
Stishovitt er eit mineral som består av silisiumdioksid, SiO2, og som berre er stabilt ved særs høge trykk. Det vart skildra 1962, er tetragonalt og har same struktur som rutil (TiO2), med silisium i 6-koordinasjon. Tettleiken er relativt høg, 4,35 g/cm3. I dei andre polymorfe formene av SiO2er silisium i 4-koordinasjon, og dei har lågare tettleikar. Stishovitt er funne i meteorittkrater og er danna ved trykk på over 100 000 atm. Det opptrer saman med coesitt, ein annan modifikasjon av SiO2, som oppstår ved trykk på over ca. 30 000 atm.
Stishovitt vart kalla opp etter Sergej M. Stisjov, ein russisk fysikar som først laga mineralet syntetisk i 1961. Det vart oppdaga i eit meteorittkrater i 1962 av Edward C. T. Chao.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stishovitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/stishovitt.
- ↑ Luo, Sheng-Nian; Swadener, J.G.; Ma, Chi; Tschauner, Oliver (2007). «Examining krystalllographic orientation dependence of hardness of silica stishovite» (PDF). Physica B: Condensed Matter 399 (2): 138. Bibcode:2007PhyB..399..138L. doi:10.1016/j.physb.2007.06.011.[daud lenkje] and references therein
- ↑ Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C., red. (1995). «Stishovite». Handbook of Mineralogi (PDF). II (Silica, Silicates). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0962209716. Henta December 5, 2011.
- ↑ Stishovite. Mindat.org
- ↑ Stishovite. Webmineral.com
- ↑ Fleischer, Michael (1962). «New mineral names» (PDF). American Mineralogist (Mineralogical Society of America) 47 (2): 172–174.