Coesitt
| Coesitt | |||
| Krysspolarbilete av coesittkorn (grå) ~1 mm på tvers i eklogitt. Dei små farga inklusjonane er pyroksen. Den polykrystallline kanten er kvarts. | |||
| Generelt | |||
|---|---|---|---|
| Kategori | Tektosilikat | ||
| Kjemisk formel | SiO2 | ||
| Strunz-klassifisering | 04.DA.35 | ||
| Krystallsymmetri | Monoklin, punktgruppe 2/m, Romgruppe: C2/c | ||
| Einingscelle | a = 7.143; b = 12.383; c = 7.143; β = 120.00°, Z = 16 | ||
| Identifikasjon | |||
| Molekylvekt | 60.0843 | ||
| Farge | fargelaus | ||
| Krystallform | Inklusjonar i UHP-metamorfe mineral opp til 3 mm i storleik. | ||
| Krystallsystem | monoklin | ||
| Kløyv | ingen | ||
| Brot | muslig | ||
| Fastleik | sprø | ||
| Mohs hardleiksskala | 7.5 | ||
| Glans | glasaktig | ||
| Strekfarge | kvit | ||
| Transparens | Gjennomsiktig | ||
| Tettleik | 2.92 (utrekna) | ||
| Optiske eigenskapar | |||
| Optiske eigenskapar | Toaksa | ||
| Brytingsindeks | nx = 1.594 ny = 1.595 nz = 1.599 | ||
| Dobbeltbryting | +0.006 | ||
| Pleokroisme | ingen | ||
| 2V-vinkel | 60–70 | ||
| Kjelder | [1] | ||
Coesitt er eit mineral med same samansetjing som kvarts, SiO2, men stabilt berre ved særs høge trykk. Det krystalliserer monoklint og har densitet 2,93 g/cm3, noko som er 10,6 % meir enn for kvarts, som har 2,65 g/cm3. Dette stemmer overeins med at coesitt krev eit trykk på vel 3 mill. kPa (ca 30 000 atm) (avhengig av temperaturen) for å kunne dannast.
Coesitt kjennest frå einskilde meteorittkrater der meteorittnedslaget har generert trykkbølgjer som overstig 3 mill. kPa. Mineralet er òg påvist i einskilde eklogitter frå Alpane og Vestlandet. Slike bergartar er danna ved særleg høge trykk, og framferd av coesitt blir trudd å svare til danning i ei djupn på ca 100 km.
Det er kalla opp etter den amerikanske kjemikaren Loring Coes som først syntetiserte sambandet.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Coesitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/coesitt.
- ↑ Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C. (red.). «Coesite». Handbook of Mineralogy (PDF). II (Silica, Silicates). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0962209716. Henta December 5, 2011.