Stjernekart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit stjernekart frå 1600-talet av den nederlandske kartografen Frederik de Wit.

Eit stjernekart er ei kartografisk framstilling av stjernehimmelen, der ein vanlegvis nyttar rektascensjon og deklinasjon som koordinatnett. Som regel nyttar ein stjernekart over små himmelområde, og samlar desse i eit atlas. Det største stjerneatlaset er Palomar-atlaset, som var ferdig i 1956.

For å orientere seg raskt på stjernehimmelen kan ein nytte dreibare stjernekart. Stjernekartet kan innstillast på klokkeslett og dato, og ei elliptisk utskjering, der randen representerer horisonten, syner då kva stjerner som er synlege.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Stjernekart