Hopp til innhald

Stol på strengeinstrument

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stol til ein fiolin
Gitarstol

Stol på eit strengeinstrument er ei tynn plate som overfører vibrasjonar frå strengane til resonanskassen.[1]

fiolinar er stolen laga av ein hard tresort, ofte bøk, perforert i eit visst mønster. Stolen står med to føter på lokket på resonanskassen, og når ein stemmer instrumentet, kan ein justere plasseringa av stolen.

På akustiske gitarar er stolen ofte laga av hard plast, og han sit fast til resonanskassen.

  1. «Stolen». musikkordboken.no. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Stol på strengeinstrument