Hopp til innhald

Stolberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stolberg
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Nordrhein-Westfalen
Region Köln
Landkreis Aachen
Høgd 260 m
Areal 98,48 km²
Folketal 56 584 (31. desember 2023)[1]
Postnummer 52222-52224
Retningsnummer 02402, 02408, 02409
Bilnummer AC
Kart
Stolberg
50°46′00″N 6°14′00″E / 50.766666666667°N 6.2333333333333°E / 50.766666666667; 6.2333333333333
Wikimedia Commons: Stolberg (Rheinland)

Stolberg er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg i kreisen Aachen og har ein lang tradisjon som industriby.

Barbarakirche i Stolberg.
Foto: Norbert Schnitzler

Stolberg ligg om lag 5 km aust for Aachen i ein dal ved sida av Eifel, som går austover frå her i området Hürtgenwald. I sør grensar Stolberg til kommunen Monschau og i nord til Eschweiler.

Stolberg er delt inn i Unterstolberg og Oberstolberg, som inneheld det meste av gamlebyen. Andre delar av Stolberg er Atsch, Büsbach, Donnerberg og Münsterbusch. I tillegg har landsbyane Breinig, Dorff, Gressenich, Mausbach, Schevenhütte, Venwegen, Vicht, Werth og Zweifall vorte ein del av Stolberg.

Stolberg vart først nemnd i dokument frå 1100-talet. Han vart eit viktig senter for messingproduksjon då protestantiske messingprodusentar frå Aachen slo seg ned her rundt 1600 for å kome unna religiøs forfølgjing og økonomiske restriksjonar. Derfor fekk Stolberg kallenamnet Die Kupferstadt (Koparbyen).

Stolberg vart mindre viktig som messingprodusent då rein sink vart tilgjengeleg på midten av 1800-talet. Mange messingprodusentar flytta til andre industriar, særleg glas- og tekstilindustri.

Stolberg var ein del av hertugdømet Jülich fram til 1794 då han vart okkupert av Frankrike og vart ein del av kantonen Eschweiler i departementet Roer. Etter Wienerkongressen i 1815 vart Stolberg ein del av Preussen.

Stolberg vart kjend på 1960-talet som heimstad for thalidomid-produsenten Grünenthal.

I dag er det tre nynazistar i bystyret.

  1. Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2023 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 28. oktober 2024, Wikidata Q131220759, arkivert frå originalen 17 November 2024, henta 16. november 2024

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Stolberg