Storøya i Bergen

Koordinatar: 60°26′45″N 05°18′05″E / 60.44583°N 5.30139°E / 60.44583; 5.30139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°26′45″N 05°18′05″E / 60.44583°N 5.30139°E / 60.44583; 5.30139

Storøya
øy
Fylke Vestland
Kommune Bergen kommune
Folketal 0

Storøya er ei øy i Eidsvågen i Åsane i Bergen kommune. Øya er veglaus og utan fast busetjing. Øya vart skilt ut frå Åstveit som eigen gard i 1816. Ved folketeljinga i 1900 budde det 11 personar her.[1] I 1920 vart øya selt til Bergens Seilforening, som bygde foreningshus og fasilitetar for båtliv her. Etter overfallet på Noreg i 1940 sette det tyske militæret opp kanonstillingar og brakkar på øya, og desse vart bomba av engelske fly i mai 1940, men utan at nokon menneske kom til skade. I 1956 kjøpte Bergen kommune øya. Dei siste fastbuande flytta herfrå i 1969.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007)
  • Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007)