Åstveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åstveit
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Folketal 1 338  (2023)
Postnummer 5106 ØVRE ERVIK, 5113 TERTNES, 5115-5116 ULSET
Preposisjon Åstveit
Gardnummer 209
Kart
Åstveit
60°26′56″N 5°18′45″E / 60.44892194°N 5.312405°E / 60.44892194; 5.312405

Åstveit er eit bustadområde og ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 1338 i 2001. Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Åstveit ligg sørvest i Åsane, ved Byfjorden.

Det foregjekk bustadbygging på området til Åstveit gjennom heile 1900-talet. Denne auka markant frå 1950-åra av, og på 1970-talet vart store område bygd ut. På området til Åstveit ligg Kalvatreæet barneskule frå 1971, Åstveit ungdomsskule frå 1967, Tertnes vidaregåande skule (tidlegare Åsane gymnas) frå 1972, Åsane stadion frå 1973 og Åstveithallen frå 1973.

Jordbruksaktiviteten i Åstveit avtok frå 1930-talet av. Mykje av innmarka på hovudbruket vart golfbane for Bergen golfklubb i 1937. Denne banen er framleis i bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 84-98

Fotnotar