Storøya i Hole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Storøya er den største øya i Hole kommune i Viken fylke, og den største øya i Tyrifjorden. På øya ligg Storøya naturreservat som vart oppretta 15. januar 1988. Naturreservatet dekker eit areal på om lag 35 dekar. Verneområdet omfattar strandsona vest på øya. Hovudårsaka til vernevedtaket er dei geologiske laga frå silur. Saman med Purkøya og Lamostangen utgjer feltet referanseprofilen for undersilur-perioden frå 440 millionar år tilbake.

Øya består av eit mangfald av naturtypar. Som i skrentane ned mot Tyrifjorden finst òg her kalkfuruskog. Det biologiske mangfaldet er rikt på øya som har ein variert flora. Ved Storøen gard finst det sjeldne kulturvokster og forvilla klosterflora som truleg vart ført til øya av munkar.

I 1995 vart det ferdigstilt ein 18 hol stor golfbane på øya, Tyrifjord golfklubb.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]