Utøya i Hole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utøya
Utøya sett frå Utstranda vinterstid.
Utøya sett frå Utstranda vinterstid.
Geografi


Stad Tyrifjorden, Hole kommune
Koordinatar 60°01′25″N 10°14′53″EKoordinatar: 60°01′25″N 10°14′53″E
Areal 0,12 km²
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Buskerud
Utøya (markert med raud sirkel) ligg i Tyrifjorden i Buskerud.

Utøya er ei øy i innsjøen Tyrifjorden i Hole kommune i Buskerud. Arbeidaranes Ungdomsfylking (AUF) eig øya, som vart gjeve dei i jubileumsgåve 28. august 1950 av Oslo og Omegn faglige Samorganisasjon, ein av medlemsorganisasjonane i Landsorganisasjonen (LO). Øya vert drifta kommersielt av Utøya AS. AUF arrangerer kvart år politisk sommarleir på øya.

Utøya er på 120 dekar, har busetnad, og har dessutan eit område på fastlandet for parkering av bilar. Det var ein husmannsplass på Utøya fram til heile øya vart kjøpt av Jens Bratlie i 1893, som brukte øya som sommarbustad før han selde eigedommen til LO i 1933.[1]

Terroråtaket på Utøya 22. juli 2011[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkelen for dette emnet er Terroråtaka 22. juli 2011.
Utøya etter terroråtaket mot AUF
Foto: Paal Sørensen 2011

AUFs sommarleir på Utøya var 22. juli 2011 mål for eit terroråtak der 69 personar mista livet, og 66 vart skadde, fleire av dei alvorleg. Åtaket hadde samanhang med terroråtaket i Oslo mindre enn to timar tidlegare. Ein væpna mann som seinare synte seg å vere den 32 år gamle oslomannen Anders Behring Breivik, utkledd i ei etterlikning av ei politiuniform, tok skyssbåten over til øya om lag klokka 17 med tung bagasje. Han sa han skulle gjere ein rutinesjekk og gje opplysningar om terroråtaket mot regjeringsbygningane i Oslo tidlegare på dagen (klokka 15.26), men så snart han var kome i land på øya, tok han til å skyta på og drepe leirdeltakarane og andre med eit gevær og ein pistol. Politiet gjekk i land på øya klokka 18.25, og arresterte han klokka 18.27 utan at han gjorde motstand. Han hadde då hatt tid til å myrde 68 menneske, dei fleste ungdomar, i ei jakt som hadde gått føre seg over heile øya.[2]

Kort tid etterpå kommenterte AUF-leiar Eskil Pedersen åtaket med mellom anna å uttala: «Vi gjev oss ikkje i kampen for det vi trur på, vi skal tilbake på Utøya.» [3]. I samband med eittårsmarkeringa for terroråtaket vart det skipa til ei samling på Utøya.

Referansar[endre | endre wikiteksten]