Stor laksetobis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stor laksetobis
Stor laksetobis
Stor laksetobis
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Øglefiskar Aulopiformes
Familie: Laksetobisfamilien Paralepididae
Slekt: Paralepis
Art: Stor laksetobis P. coregonoides
Vitskapleg namn
Paralepis coregonoides

Stor laksetobis (Paralepis coregonoides) er ein fiskeart i laksetobisfamilien som lever i dei fleste av dei tempererte og tropiske hava i verda.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Fisken er lang og smal og liknar ein barrakuda[1] med spist hovud, store auge og ein stor munn. Bukfinnane og ryggfinnen er plasserte langt bak. Den lengste finnen er analfinnen, som har 22 til 24 finnestrålar. Nær halefinnen har han ein liten feittfinne.[2] Langs sidelinja har den to rekker med perforerte skjel.[1]

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Den nordlege laksetobisen er ein pelagisk fisk som lever frå 50 til over 1 000 meters djupne. Føda består av småfisk, reker og til ein viss grad plankton. Han leiker frå mars till september; larvane held seg nær overflata.[3]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten finst nord i Atlanterhavet frå Newfoundland, Sør-Grønland, Sør-Island og Sør-Noreg til Georgia, vestre Middelhavet og Vest-Afrika.[4] Han unngår størstedelen av Nordsjøen, men er blitt funnen ved danskekysten nokre få gonger.[1]

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Arten har to underartar:

  • Paralepis coregonoides coregonoides Risso, 1820
  • Paralepis coregonoides borealis Reinhardt, 1837

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Curry-Lindahl, Kai: Våra fiskar : havs- och sötvattensfiskar i Norden och övriga Europa, Norstedts, Stockholm 1985, s. 361. ISBN 91-1-844202-1. 
  2. Muus, Bent J; Nielsen, Jørgen G; Svedberg, Ulf: Havsfisk och fiske i Nordvästeuropa, Prisma, Stockholm 1999, s. 108-109. ISBN 91-518-3505-3. 
  3. Papasissi, Christine (20. april 2010). «Paralepis coregonoides (Risso, 1820) Sharpchin barracudina» (på engelsk). Fishbase. Henta 1. august 2010. 
  4. Muus, Bent J; Nielsen, Jørgen G; Svedberg, Ulf: Havsfisk och fiske i Nordvästeuropa, Prisma, Stockholm 1999, s. 108-109. ISBN 91-518-3505-3.