Stora Vardøyna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stora Vardøyna
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland fylke
Kommune Øygarden kommune
Kart
Stora Vardøyna
60°10′34″N 5°00′28″E / 60.17611°N 5.00786°E / 60.17611; 5.00786

Stora Vardøyna er ei øy sørvest i Øygarden kommune i Vestland fylke. Gardsbruket på øya heiter Vardøyna, og i daglegtale vert namnelekken «Store» ikkje brukt, men på kartverket sine kart heiter øya «Stora Vardøyna», medan den mindre «Litla Vardøyna» ligg i vest. På gamal dialekt sa dei «Varna» eller «Varena». Øya er skilt frå Vikso og Toftarøyna i aust av Toftosen og er veglaus. Høgste punktet på øya er Loshyttehaugen, 49 meter over havet. I 2011 var det éin fastbuande på øya.

Stora Vardøyna var truleg busett før Svartedauden, men låg så lenge aude. Første kjelde som nemner busetjing på øya er frå 1522. Ved midten av 1900-talet vart skulen på øya lagt ned, og fråflyttinga skaut fart.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[3]
12 35 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arne Asphaug, Bygdebok for Vardøy (Sund kommune, 2000)
  1. Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Sund herred, frå Digitalarkivet
  3. Arne Asphaug, Bygdebok for Vardøy (Sund kommune, 2000)